Oppføringer av senterleiar

,

Danseshow søndag 11.desember

Danseverkstaden har danseshow på Elvetorget søndag 11.desember! Vi har ope kl 14.00-18.00 og i denne perioden får du danseshow, korkonsert, helse på nissen og handle i søndagsopne butikkar!

,

Opningstider jul

Hugs at vi har ope til kl 18.00 kvar laurdag før jul. Søndag 11. og 18. desember har vi ope kl 14.00-18.00. Rema 1000 har søndagsope frå 4.desember kl 14.00-20.00. Julaftan har vi ope 09.00-12.00 og nyttårsaftan 10.00-14.00. Romjula 10.00-16.00. Velkomen til ei hyggeleg forjulstid på Elvetorget.

,

Julegrantenning 26.november

Vi har pynta huset til jul og inviterer til juleopning med tenning av julegrana laurdag kl 12.00 til tonar frå Slåtten skulemusikk. Nissejentene serverer pepperkake og gløgg og barna kan skrive brev og sende til julenissen i den store postkassa hans. Velkomen!

,

Nattope 11.11.22

Vi er igjen klar for nattopefest i Førde 11.11.22 kl 10.00-24.00! Alle som handlar heile veka og fram til fredag kl 19.30 kan vere med i trekning av premiar til ein verdi av kr 200.000,-! Du får ein bong i den butikken du handlar hos, som har gitt gåve til premien, og leverer den i […]

,

Økologisk Marknad 1.oktober

Velkommen til økologisk marknad laurdag 1.oktober kl. 11.00-15.00 ved Elvetorget! Her får du handle kassar med eple frå Målsnes i Balestrand, Urter frå Devik, egg frå Hyen, Villsau frå Reksta og Færøy, honning med meir. Arrangør Økologisk Sunnfjord. www.okouka.no Økoveka feirar mangfaldet innan norsk økologisk matproduksjon og landbruk gjennom formidling av råvarer, kunnskap og inspirasjon. […]