Elvetorget er og skal vere ein møtestad for alle. Ein stad der ein kan treffe vener og kjente, og der god service er like sjølvsagt som vårt breie varesortiment. Dette er kvalitetar ved Elvetorget som blir gjenspegla i vår nye visuelle profil.

Den nye logoen til Elvetorget består av to snakkebobler som saman dannar bokstaven T. Dette som eit symbol på det sosiale ved å møtast «på torget». Ein handletur hos oss skal vere eit triveleg møte mellom menneske, slik det ofte er på eit torg, og vår nye profil skal vere med på å uttrykke desse verdiane.