Førde Torg AS – historia

Førde Torg vart opna 5. september 1996 med stor festivitas og mykje folk til stades. Førde hadde fått eit nytt stort kjøpesenter, og tilbodet til forbrukarane i Førde og store deler av resten av fylket var blitt kraftig utvida. På opningsdagen var det glede og fest, men vegen fram var til tider bratt og vanskeleg.

Tomta til Førde Torg ligg midt i sentrum. Då Torbjørn Berqvam og Fritz Hjelmeland starta arbeidet med å utvikle denne til eit nytt kjøpesenter, var det fleire som meinte at tomta burde nyttast til andre formål. Blant forslaga som var oppe den gongen var etablering av ein park på området.

Byggjeløyve vart likevel gitt. Dette var rett etter den store nedgangen i eigedomsbransjen i 1991 – 93 . Mange var difor skeptiske til prosjektet og meinte det ikkje ville vere råd å få leigetakarar. Eigarane innrømte i ettertid at dette var eit risikoprosjekt den gongen, men dei hadde tru på det og sette i gong.

Byggjeprosessen var hektisk og effektiv. Når bygget stod ferdig var nesten 10.000 m2 forretningsareal pluss 3.300 m2 parkeringsgarasje i underetasje bygd til ein pris på kr 53,3 mill. Noko som var svært rimeleg også i 1996. Bygget er oppført i betong og element forblenda med teglstein og er av høg standard. Utførande totalentreprenør for heile byggeprosjektet var Fritz Hjelmeland AS.
Parkeringsgarasjen var det første store parkeringsanlegget under bakken i Førde.

Under byggjeprosessen var det stort fokus på bygget sin utsjånad. I lokalavisa vart bygget både redaksjonelt og gjennom mange lesarbrev karakterisert på ein veldig negativ måte, og karakteristikkar som fengsel vart brukt.

Etter opninga stilna kritikken, og i dag er Førde Torg eit kjent og – for dei fleste – kjært bygg i sentrum.

Arbeidet med å få inn nye leigetakarar gjekk greit, og ved åpninga i 1996 var huset så godt som fullt. Leigetakarane var ei god blanding av store nasjonale kjeder og mange mindre lokal eigde butikkar. Ei blanding som Førde Torg består av også i dag, og som er viktig for eigarane å halde på. Frå starten i 1996 og fram til dato har det vore få utskiftingar blant leigetakarane. Det er eit teikn på at leigetakarane har ei god økonomisk drift og at måten Førde Torg vert dreven på er rett.

Etter mange år som to bygg vart Førde Torg og Elvegården bygd saman i 2012, dette vart ein suksess for både Førde Torg og Elvegården og felles namnet Elvetorget starta etablere seg.

Førde Torg AS har i denne 20-årsperioden gått godt økonomisk. Satsinga som eigarane gjorde viste seg å vere riktig.

Konkurransen i Førde innan handel er sterkt aukande, og for Førde Torg gjeld det å vere dyktig nok, slik at vi klarer å hevde oss blant dei beste. Dett klarer vi gjennom dyktige og solide leigetakarar med høg kompetanse og god økonomi, gjennom gode parkeringstilbod, eit konkurransedyktig leigenivå, og ei profesjonell marknadsføring via Elvetorget senterforrening.