Dette skjer i haustferien!

Hausten er ei fin tid, både til inne- og uteaktivitetar. I haustferien har du god tid til å nyte begge deler. På Elvetorget finn du det du treng for å piffe opp hausten, anten du skal vere inne eller ute.

– Vita Exclusive markerer haustferien med tre temadagar i butikken. Eit ypparleg høve til å bli haustny, seier senterleiar, Anne Karin Steen.
– Fredag 13. oktober blir det også ansiktsmaling, med russejentene «Sorority» frå kl. 13.00 til 15.00.
Her ser du litt av det som skal skje denne veka. Følg oss gjerne på Facebook for siste nytt og oppdateringar.

VITA EXCLUSIVE: Tre dagar med event!

Vita Exclusive har aktivitetar i butikken frå torsdag 12. til laurdag 14. oktober.
– Vi ønskjer å vise kundane våre kva vi kan tilby. Vi jobbar heile tida med å kurse oss og utvikle oss innan faget duft, hudpleie og sminke. Den kunnskapen skal komme kundane til gode. Difor set vi av tre dagar til event der vi set fokus på dette, seier Ann Helen Karlsen, dagleg leiar på Vita Exclusive.
– Vi viser deg korleis du kan blir festsminka og klar for til kvelden på 10 minutt, med enkle grep som kan spare mykje tid. Vi har stort utval innan hudpleie, og det største utvalet innan duft i fylket, og guidar deg gjerne til dei produkta som høver akkurat deg. Dette blir tre kjempefine dagar, der ein får god service og gode råd ein kan ta med seg vidare.

  • Torsdag demonstrerer dei hudpleierutinar og merket Sensai, frå kl. 13 til 18.
  • Fredag er det duftkveld. Frå kl. 15 til 18 kan du komme og hente inspirasjon, og bli rettleia til å finne di heilt eiga, spesielle duft.
  • Laurdag er det Make Up-dag frå kl. 12 til 15. Kom og få lagt kveldens trendy make-up, og bli festklar på 10 minutt.

Alle kundane som kjøper produkt på desse eventa får også med seg ein flott goodiebag.

Varierte menyar

Elvetorget er ein flott arena for både handel og ein pust i bakken med kaffi og noko godt å ete: LunsjKafè, Olefine og Aba’s Inn, som har kvar sine spesialitetar.
LunsjKafè har satsa mykje på god mat, og ikkje minst god glutenfri mat. Dei får mykje skryt for sin glutenfrie baguett, som mange hevdar er det beste dei har smakt av slikt. Dei har også glutenfri ”Verdens beste”-kake. Den er verdt turen innom.

Ny og spennande butikk!

Elvetorget får ein ny butikk no i oktober. Specsavers opnar 5. oktober og feirar med brask og bram. Til og med 14. oktober er det – 50%  på alt i butikken! (Gjeld ikkje synsundersøkingar og kontaktlinser.)
Gullsmed & Urmaker Brændmo og Pettersen skal fornye butikken. Det betyr at du kan gjere ein god handel. I perioden 10. til 14 oktober har dei mange gode tilbod med opptil 70% avslag. Deretter held butikken stengt frå 17. til 20. oktober, før dei ny-opnar.

Rosa Sløyfe

Kid er hovudsponsor av Rosa Sløyfe-aksjonen.
– Det er viktig å støtte aksjonen. Mange vert årleg ramma av brystkreft, og dei fleste kjenner nokon som har fått denne diagnosen. I år er det ei maskulin utforming på pin, så også menn kan bruke den, seier Reidun på Kid Elvetorget.
Kid gjev også overskotet av posesalet kvart år til arbeidet med å førebygge brystkreft.
– Mange gode grunnar til å komme innom til oss, smiler Reidun. – Og så har vi stort utval av sengesett. Frå 1. til 14. oktober er det 50 % rabatt på alle sengesett til vaksne.

Leik og moro for liten og stor!

Når kveldane blir mørke og dystre, då er det lett å kveppe til. Spesielt den 31. oktober. Halloween har breidd om seg her til lands, og kvifor ikkje? Det passar godt med litt fest og moro på denne tid av året – der ein kan kle seg ut, pynte med skumle effektar og kanskje ete litt ekstra snop?
Gyngehesten har fått ny eigar, og dei har Halloween som tema i oktober. Her finn du både skumle og morosame kostyme.
Yes Leikebutikken finn du ein av hausten sine heitaste leiketøy i butikken: Fingerlinks Monkey, ein kosete babyape, som klamrar seg fast til fingren din og ikkje slepp taket. Denne vesle babyapen er så søt at du berre må sjå den.
I tredje etasje på Elvetorget er det tilrettelagt for barn med ammekrok, stellerom, legobord og film.

Ferske roser og særs godt utval av frukt og grønt!

REMA 1000 får dei ferske roser kvar søndag kveld. Dette er kvalitetsroser til låg pris, som varer inntil tre veker. Dei satsar også sterkt på frukt og grønsaker.
– Eg likar aller best å selje frukt og grønt, seier Gerd på REMA 1000 på Elvetorget, og der er vi gode! Vi skal følgje sesongane, og derfor er vi veldig opptekne av rett produkt til rett tid. Hyllene skal vere fulle av utval og kvalitet, så kunden finn det han vil ha. Vi brukar mykje tid på å «bygge butikk» og få tak i det vareutvalet som kunden vil ha. Eg jobbar heile tida, dette er ein livsstil, smiler Gerd, som har vore kjøpmann i 11 år – og jobba i bransjen sidan ho var 15 år. Ei lita hemmelegheit: ho er desperat etter mango – den beste frukta som finst.

Ta vare på kroppen din!

Sunnfjord Apotek har dei gjennom heile oktober kampanje på produkt til kropp. Fram til 1. november er det minus 30 % på alle produkt for kropp, og minus 50 % på alle Omega-3 og multivitamin.
Hjelpemiddelhuset fører dei kompresjonsstrømper frå Bauerfeind. Den er tilpassa idrettsutøvarar for å auke uthald og fremje restitusjon, men den kan også nyttast av andre som ønskjer å førebygge trøtte, tunge bein og åreknutar.

Kle deg for hausten

Når vinden ruskar i trea, må ein kle seg etter tilhøva. På Vestlandet finst det ikkje dårleg ver. Vi veit at vi kan kle oss etter det meste naturen har å by på. På Yrkesklær finn du kleda som let deg nyte hausten ute.
Hausten er også ei tid då det er ekstra viktig å vere synleg. På Sybutikken har dei tema refleksgarn i oktober. Refleksgarn er sikkerheit i kvar maske. Og så er det eit fint høve til å kose seg med strikketøyet, samstundes som du lage dine eigne luer, vottar og skjerf som viser att i mørket.

Vi ynskjer hausten velkommen.