Lag det sjølv: Fingerhekling til nytte

Haust og vinter er tid for inneaktivitetar. Har du eit par nøste garn, kan du fingerhekle og tove flotte ting. Ver kreativ.

Tekst og foto: Sara Koskinen, Sybutikken Sting for sting, og Rein Design

Her er nokre forslag til kva du kan lage: armband, halssmykke, gryteunderlag, sitteunderlag – eller golvteppe.
Hugs å velje eit garn som tovar! Vi har brukt Viking Naturgarn i 100% ull til 29,-/nøste.

Kom gjerne innom Sybutikken for hjelp og rettleiing. Vi har det meste av det du treng for ei koseleg handarbeidsøkt.

P.S. Fingrane på bileta under tilhøyrer Synne Marie Bauge Koskinen. Takk for hjelpa.

Sara Koskinen
Foto: David Zadig

Slik fingerheklar du

1:

Start med å føre tråden over og under fingrane, til du har to trådar på kvar finger.

 

2:

3:

(Tråden skal ende ned mellom peikefinger og langfinger).

4:

Løft den nedste tråden over fingrane.

5:

Før tråden over og under igjen, til du har to trådar på kvar finger. Start over på langfingeren.

6:

Gjenta til ønska lengde.

7:

Felling: Løft løkka frå peikefinger over til langfinger.

8:

* Ta den nedste løkka over fingeren*. Løft løkka som er igjen på langfingeren over på ringfingeren. Gjenta * -*.

6:

No har du berre ei løkke igjen.

7:

Dra trådenden gjennom løkka og stram til.

8:

Toving: 40 ° vanleg syntet-vask.

 

9:

Sy saman til ein spiral.

10:

Hald fram med å sy saman til spiral.

11:

Eitt nøste er nok til å lage til dømes eit gryteunderlag.