Gjennom sommaren og utover hausten er det stort sett ferske bær frå lokale bærprodusentar på Torgplassen. Vi startar med jordbær, i hovudsak frå Gloppen, deretter er bringebæra klar og moreller som kjem frå Sogn. Utover hausten får vi blåbær, tyttebær, sopp og meir frå litt meir langveisfarande. Dei kjem ofte når dei har plukka ein del og når dei er klar. Så her er det berre å følge med og stikke innom Elvetorget når du har anledning til det.