,

Det skjer på Elvetorget

Vi drøymer om vinter også på Elvetorget! Butikkane har fortsatt eit stort og godt utval i vinterklede og utstyr. Samtidig forbereder vi oss på våren og alt som skal skje framover. Vi bygger om og utvidar Cubus med planlagt opningsdag 12.mars. Fram mot denne dagen vil Cubus ha eit utsal i 1.etg der Viken var. Bunadsavdelinga til Viken fortset som før, og du kan også kontakte dei på telefon og epost. Når Cubus har komt på plass i «ny» butikk, startar ombygging av Olefine i 2.etg. Dei flyttar kjøkken sitt inn i tidlegare lokalet til Days Like This og får endå fleire sitteplassar der kjøkkenet no er. Dette gler vi oss til! I begynnelsen av april bli det også nyopning av butikk i lokalet der Skoringen var i 2.etg. Her er det mykje å gle seg til! Vi gjev deg kortreiste opplevingar på Elvetorget! Velkomen til oss!