,

JULEMARKNAD 14.DESEMBER

Laurdag 14.desember vert det god, gamaldags julemarknad på Torgplassen. Her finn du litt av kvart frå bodene til Bondens Marked samt andre utstillarar med sal av ulike produkt. Det vert konsert med Førde Kammerkor på Torgscena, nissejentene serverer gløgg og pepperkaker, Korshåjen startar juletresal og har med seg julevogna si. Velkomen til førjulsstemning på Torget.