Dette har eg hatt lyst til lenge, men har venta på den rette plassen, seier Kjetil som driv Sognefjord Kaffibrenneri. Og den fann han på Elvetorget! 👌- Eg har fått mange tilbakemeldingar om at Førde manglar noko slikt. Kundar etterspør ein kaffebar med kvalitetskaffe, og no får dei kaffe frå eit av dei beste brenneria i skandinavia. Ein skal reise ganske langt for å finne tilsvarande! Kjetil er nemleg ein av seks som er kvalifisert til NM i kaffebrenning og vinnaren går vidare til VM.
Kjetil fortel at han bestiller ferske kaffebønner med ein gong dei er ferdig hausta. Dette får dei levert i jutesekkar og brenn bønnene i lokala sine i Sogndal. Dei har bestillingar frå i kundar i heile landet.
Det er noko med kaffe! Nordmenn er nummer to i verda i kaffedrikking og det er ein trend i vekst. Vi tenker at det er ein urban trend, men Kjetil hentar også fram dei gode assosiasjonane til gamle minner og nostalgi. Det er lett å invitere på ein kaffe, og denne invitasjonen er også ein invitasjon til ein prat. Mennesker skal møtast, drikke ein god kopp kaffe og slå av ein prat.
Velkomen til ein kaffe hos Sognefjord Kaffebrenneri på Elvetorget i slutten av juni👌