Kunstutstilling 22.august
Svein Strømmen er ein sjølvlært kunstnar som har mala mange ulike bilder med ulike bodskap. Her ser du det siste verket han har laga med Jenny Følling som hovudpersonen. Dersom du studerer dette vil du finne mange artige detaljer i bildet. Han har også malt det omtalte bildet av Amalie som har stått utstilt ved Førdehuset. I samlinga finn vi mange bilder frå krigstida og han har malt nokre bilder av flya som kom inn Førdefjorden. Laurdag 22.august vil han ha ei utstilling på Elvetorget der han gjerne fortel meir av historia bak bilda.