,

MED NÅL OG TRÅD

På bunadsavdelinga til Viken finn du Liv Solveig, Ane, Ann og Bodil. Her syr dei ulike Sunnfjordbunader, både til dame og herre. I tillegg syr dei Nordfjordbunad og Sognebunad, og har kundar frå heile landet. Alt blir gjort her, både tilpassing, klipping, sying og brodering. Men skjortene får dei laga ein anna stad. Vi er bevisst å velje norske og aller helst lokale materiell og produsentar, fortel dei. Det er ekstra stas at forklea vert handvevd av lokale vevare i området.
Dette er ekte handtverk! Bunaden vert nøye tilpassa kunden og sydd etter hundre år gamle tradisjonar. Den yngste dei har sydd til var knapt eitt år og den eldste over åtti. – Vi er strenge på oppskrifter, så kunden får ikkje velje fritt. Vi må hugse at dette er bygd på svært gamle tradisjonar, og vi har ei stor og respektfull oppgåve og ivareta det, er dei heilt einige om.
Når vi ser alle dei stolte og fine bunadskledde, små og store på 17.mai, skal vi tenke på desse flittige damene som har sydd med nål og tråd i mange månader for å bli ferdig