I tillegg til sportsklede og utstyr finn du eit stort utval av syklar og eige verkstad som ein del av butikken. Vi er eit av dei få godkjende Shimano Service Center i Norge, med fleire godkjende Shimano servicemekanikarar, fortel Roger Aase. Tilbodet er unikt i området, og du må til Trondheim eller Bergen for å få same servicen. Dette betyr ein høgare kompetanse på sykkel og El-sykke, og gjer at dei kan hjelpe til med alt som har med sykkel å gjere, enten det gjeld reperasjon eller delar. Fordelen med å bruke eit godkjent Shimano Service Center, er at du alltid kan forvente proff service og teknisk ekspertise. Med mindre du skal ha tak i ein spesiell del, vil du få sykkelen tilbake innan 48 timar. Vi har også direktelinjer til Shimano og får derfor raskt svar på tekniske spørsmål. Det er ekstra kjekt å få bekrefta vår kompetanse ved å vere leverandør av syklar til det nye El-sykkel utlånsprosjektet til Førde Kommune. I tillegg til dette har dei satsa stort på klubbsamarbeid i fylket og er den største klubb-butikken i Sogn og Fjordane, med stor fagleg kompetanse på fotball, løp og anna breiddeidrett, med eige trykkeri.