,

NATTOPE 13.11.20 AVLYST

Som følge av dei siste nasjonale føringar er det heilt naturleg at vi alle fortsatt tek vårt samfunnsansvar. På bakgrunn av dette vil vi ikkje gjennomføre Nattope fredag 13.11.20.
Smitteutbrotet i vårt område har vore, og er fortsatt lavt. Det har vore trygt nok å ferdast i det offentlege rom, og det vil vi bidra til at det fortsatt skal vere.
Arrangementet er kjent som ein folkefest, men også ein veldig avgjerande dag for dei fysiske og lokale butikkane våre. Dette er den offisielle starten på julehandelen for mange og ei kjærkomen omsetnad for butikkane. Likevel er helseperspektivet og det kollektive ansvaret størst.
Så håpar og trur vi at våre kundar ynskjer «fortsatt drift» og finn julegåvene i dei lokale butikkane også i år.