Erdal Sport og Våpenloftet
Erdal Sport har lang erfaring innan sport. Heman Erdal er utdanna børsemakar, og starta Våpenloftet AS i Førde i 1991.
Erdal Sport har sykkelverksted og eigen sykkelreparatør som kan utføre det meste av service og reparasjonsarbeid på din sykkel.
Erdal Sport har ei av Vestlandets største fiskeavdelingar. Der kan du møte Kim Andre Storehaug Herstad og Nordiske mester i flogekasting, Tom A. Wangensteen. Dei er til ei kvar tid oppdaterte på fiskemoglegheiter og fiskeforhold i området, og deler gjerne av sin kompetanse. Jølstra, som renn gjennom Førde og like bak Elvetorget er heilt spesiell for dei. Jølstra er kjent som ei av verdas beste lakseelvar, og har trollbunde flogefiskarar frå heile verda.
På Erdal Sport i Førde får du dei tipsa og råda du treng for at ditt opphald i Førde og omegn skal bli så vellukka som mogleg fiskemessig. Anten du er ute etter storauren i Jølster, laksefiske i Gaular, Nausta eller Jølstra.
– I vår fullsortimentsavdeling finn du alt frå fjord til fjell. Vi hjelper deg gjerne med å tilpasse utstyret du allereie har, eller set saman utstyrssett tilpassa dine ønske og ambisjonar. Ta turen innom, oppmodar Tom A. Wangensteen.
Våpenloftet er gode på alt innan jakt og våpen, og har ei avdeling med hunde- og katteutstyr og dyrefor.
Erdal sport og våpenloftet ligg i 1.etasje på Elvetorget.
TELEFON ERDAL SPORT: 57 72 29 30
TELEFON VÅPENLOFTET: 57 72 29 40
OPNINGSTIDER ERDAL SPORT:
Mandag – fredag 10.00-19.00
Laurdag 10.00-17.00
OPNINGSTIDER VÅPENLOFTET:
Mandag – onsdag/fredag 10.00-17.00
Torsdag 10.00-18.00
Laurdag 10.00-15.00