, ,

VI ER MED PÅ Å BYGGE FØRDE


Elvetorget er eit kjøpesenter som består av alle butikkane som ligg i Elvegården og Førde Torg. Desse lokale selskapa er leia av Jonny Tjønn, som også representerar mange andre store bygg og selskap i Førde sentrum, blant anna Sunnfjord Hotell, Hafstadgården og Hjelmelandsgården, – der det for tida foregår store ombyggingar der Tingretten skal ha sine lokale.
Vi har lokale huseigarar som satsar på Elvetorget og utvikling av sentrum, og som med sitt engasjement er med på utvikle Førde som by. I løpet av året er fasaden på Elvegården skifta ut og det gjev bygget ein heilt ny stil.
Vi har ein godt tilrettelagt Torgplass, og langs elva er det opparbeidd grøntareal med benkar og bord. Den siste tida har det vore store ombyggingar for å gjere klar butikken til Power, og vi er veldig stolt over resultatet, seier Jonny Tjønn.
Elvetorget har samla forretningsareal på over 18.000 m2 i tillegg til parkeringsgarasje på 4.600 m2 og kontor på om lag 7000 m2. Her er det samla over 40 butikkar, samt andre offentlege og private verksemder.
Her er gode parkeringsforhold med 2 garasjar i tillegg til oppmerka parkering rundt bygga. Det er sjølvsagt gratis parkering!
Torgplassen vår på om lag 1000 m2, er tiltenkt til bruk for alle som ynskjer det så langt det let seg gjere.
Som representant for dei selskapa som vart starta av Fritz Hjelmeland, er vi stolt over å ha vore med på prosjekt og investeringar for over 600 millionar kroner i Førde sentrum i løpet av dei siste 10 åra, avsluttar Jonny. Fritz Hjelmeland var Førde-patriot og investerte kun i eigedomar i Førde, og på denne måten har vi vore med på å bygge Førde. Det vil vi fortsette med