Selskaps- og møtelokale

Lokalet ligg i 3.etg på Elvetorget ved Sport1 og har tilkomst her eller ved trapp frå 2.etg ved Olefine. Begge inngangane kan låsast ved port eller dør.

Lokalet har ei flott utsikt over sentrum mot Torgplassen vår, og er utstyrt med bord og stolar med god plass til i overkant av 50 personar.

Her er ingen kokemuligheter, men ein kjøkkenbenk med vask (varmt og kaldt vatn) samt eit stort kjøleskap til fri bruk.

Vi har dekketøy til middag og kaffe for 50 personar

De må sjølv dekke og pynte lokalet slik de ynskjer.

Vi har tre ulike serveringstader på senteret som kan vere aktuelle for levering av mat:

  • Bento Yume Sushi
  • LunsjKafe
  • Aba`s Inn
  • Olefine/Naustdal Dampbakeri

Dette avtalar de i såfall direkte med dei.

Ved dagleige selskap vil de få tilgang til lokalet kvelden før, med utvask på leigedagen. De må
forlate huset innan kl 23.00 pga alarm, og såleis er lokalet ikkje eigna til kveldsarrangement med alkoholservering.

Ved leige helg vil de få tilgang til lokalet fredag ettermiddag til søndag kl 12.00.

De skal forlate lokalet slik de fekk det og klar til bruk for neste leigetakar. Ved avtalt utvask kr 500,- skal det vere rydda og klart til gulvvask. Dersom ikkje avtalt utvask eller ikkje klargjort til avtalt vask, vil de bli fakturert kr 1000,-.

PRISAR:

Dagleige selskap helg: kr 3.000,-
Leige helg: kr 5.000,-
Dagleige møte midtveke:  kr 1.500,-

BOOKING AV LOKALE

Jonny Tjønn
971 29 103
jonny@elvetorget.no

Anne Karin Steen
971 48 721
senterleiar@elvetorget.no