Vi feirar nytt år og oppsummerer året som har gått🎉 Kvart år samler vi gjengen på Elvetorget til fest og høgtidelege kåringar🏆og i år var vi 170 personer!🤩
ÅRETS BUTIKK vart Gerd sin REMA 1000 Elvetorget! 👏🏆Ein viktig butikk på senteret, som har vore her sidan 1996 og som vil fortsette å vere her i lang tid. Denne butikken hadde ikkje vore det den er utan Gerd! Eit arbeidsjern utan like! På jobb kl 06.00 for å gjere butikken klar, og søndagen ryddar ho hyller og bestiller meir varer. Gerd skryt av sine tilsette og deler denne prisen med dei. Vel fortent!🏆
Så er vi stolt over å ha såååå mange flotte medarbeidarar på Elvetorget! Det var ikkje lett å velge den eine ÅRETS MEDARBEIDAR. Men likevel så rett når det vart Emma på Medvind som tok premien. Ei som også representerer dei unge, bevisste og modige som vel butikkfaget som sitt yrke, tek læretida si hos oss, står på scena på Handelskonferansen og takkar ja til vikariat som butikksjef. Vel fortent Emma!👏🏆
Vel blåst fest og klar for ny veke med kundane våre i fokus🥰