Elvegården er 50 år og Førde Torg er 25 år i 2021! I desse bygga finn du eit stort utval av både butikkar og kontorlokaler. Fram til 2009 var dette to kjøpesenter og mange omtalar ofte senteret som Førde Torg fortsatt. I 2009 vart det eitt og Elvetorget vart namnet på eit stort senter på omlag 40 butikkar i dag. Når sentera vart bygd saman i 2012 vart dei også fysisk eitt stort senter som i dag har innandørs gjennomgang til alle butikkane unntatt Floke Frisør som ligg i 2 etg på Elvegården og Erdal Sport som har inngang frå Torgplassen.
Vi vil markere dette jubileumet ved å invitere våre kundar til jubileumsfest i september🎉
Opningsfesten til den nye scena på Torgplassen har vorte utsatt mange gonger. No håpar vi at det let seg gjere å feire den også! Følg oss framover så skal du få høyre litt meir av historia vår og programmet for festen!