Kjetil var rask når nærmaste lokalet til kaffebaren vart ledig. – No gjer eg det som eg lenge har hatt lyst til, smiler han fornøgd. I dette lokalet vil eg servere kortreiste opplevingar! Her skal du blant anna få servert spekemat frå Fardal Gard, eplemost frå Sogn, litt av kvart frå Balholm og øl frå Kinn Bryggeri. Etterkvart vil det kome fleire lokale produsentar som vil tilby sine varer som du enten kan kjøpe med deg eller nyte i eit stemningsfullt lokale med ein god kopp kaffe eller eit glas vin tilpassa maten. Han har fortsatt eit lite forbehold om at Sunnfjord kommune let han få lov å servere drikke.
Rena møter du nesten kvar dag i kaffebaren. Ho har ei spennande fortid med eige studio i Amsterdam som ein kreativ kunstnar og designer. No har ho fått nesten frie tøyler i utforminga av det nye lokalet. Her skal det bli god atmosfære, fortel ho og viser oss masse inspirerande interiørbilder.
– Vi vil ha ein del arrangement knytt opp mot mat og drikke, enten ved smaking eller kurs, og dette gler vi oss spesielt til! Vi har mange dyktige folk med oss på laget, fortel Kjetil.
Når vi opnar?? Det veit vi ikkje heilt, men vi er godt i gang med arbeidet. Det er såvidt eg rekk å ete, ler Kjetil som lyt leve på brød og rekesalat til den nye matbaren opnar med eit herleg utval av kortreist mat og drikke.