Landsfestivalen i gammaldans kjem til Førde denne første veka i august, og vi er heldige som kan få presentere mange, flotte spelemenn på Torgscena vår! Indre Sunnfjord Spelemannslag er arrangør av denne festivalen som også vart arrangert i Førde første gong i 1986. Det kjem over 1000 deltakarar til festivalen og vi er alle invitert til å bli med i dansen!
Fredag 4.august og laurdag 5.august i tidsrommet kl 11.00-15.00 får du høyre ulike spelemannslag og musikarar på scena. Laurdag kl 14.00 blir det også Barnefestival på scena med dei komande,framtidige stjernene innan gamaldans,- og folkemusikk.
Velkomen til ein festdag på Torgplassen!