Vi inviterer våre kundar til ein kveld med song og musikk, dikt og poesi, kunst og måleri – og ei historiefortelling. To av Helena «Huldri» sine kunstverk ser du blant anna på veggane på Elvetorget. Denne kvelden har ho med seg ein nydeleg sangfugl og tekstlesar, Gro N Bremer, og saman tek dei oss med på si reise. Du vil også få høyre om ei reise til Færøyane som eit prosjekt for å sette fokus på psykisk helse.
Vi er også så heldig at vi får besøk av Stine K Reksten, som i 2020 stod fram med si historie om overgrep, ei historie som også har blitt ei bok. Stine har i det siste vore gjest på «Lindmo» og i «God morgen Norge», og det er med glede og i respekt vi let ho få fortelle si historie hos oss.
Velkomen til ein lun og fin kveld med fokus på psykisk helse og det å vere eit menneske.
Det blir lett servering og er begrensa antal plassar så trykk «skal» på arrangementet om du kjem.